Idegrunnlag og rammevilkår for etablering av møtestad og kafé på Lønset

 

Bakgrunn

Dei fleste mindre småstader og krinsar i landet vårt er truga av nedlegging og fråflytting. Derfor ser vi at vi må ta grep for å kome ei negativ utvikling i forkjøpet også her på Lønset. Prosjektgruppa ”Fritt liv på Lønset” er ei interessegreuppe under Lønset grunneigarlag som har som målsetting å bidra til ei positiv bygdeutvikling. Dette ut fra eit mandat som vart gjeve frå  folkemøtet på Lønset samfunnshus den 31. mai 2018  der det kom fram eit  klart ønske om å drive aktiv bygdeutvikling. Prosjektgruppa ”Fritt liv på Lønset” vart skipa under dette møtet med hovudmålsetting å stimulere til auka tilflytting til Lønset ved å definere og bidra til gjennomføring av konkrete prosjekt.

Ide og eigarskap av prosjekt ”møtestad og kafé”

Kaféen kom opp som ein ide frå prosjektgruppa for å gjere Lønset til ein enno meir attraktiv plass å bu på og som turistmål.

Hensikt

Kafen skal vere ein attraktiv møteplass for folket på Lønset og for tilreisande frå andre deler av Oppdal i tillegg til hyttefolk og turistar. Kafeen skal og vere eit informasjonsenter for aktivitetar på Lønset og ein arena for informasjon frå næringsliv og aktørar innan handtverk, kunsthandverk og lokal produksjon av mat.

Driftsform

I første omgang skal kafeen driftast som eit dugnadsprosjekt med ein dagleg leiar for drifta som koordinator. Innkjøp av forbruksvarar og mat skal i størst mogleg grad vere frå lokalbutikk og produksjon i nærmiljø. Drifta skal ikkje bli ein konkurrent til etablert verksemd, men heller gje eit positivt samspel med desse.

Åpningstider

Som eit utgangspunkt skal kaféen ha desse åpningstidene: Onsdag og laurdag kl 11-15. Dette kan justerast etter kvart som ein får erfaring med kva dagar og tider som er mest aktuelle.

Aktivitetar og innhald

Hovudaktiviteten på møtestaden / kaféen skal vere kafédrift, i første omgang med eit enkelt sortiment som kan utvidast etter kvart som ein ser potensialet for å utvikle drifta vidare. Dette skal først og fremst vere ein møtestad og eit sosialt treffpunkt for grenda. I tillegg ønskjer vi å utvikle dette vidare med:

  • Infosenter for turisme og lokalt næringsliv på Lønset

  • Arena for lokale utstillarar innan handtverk, kunsthantverk og nisjeproduksjon av mat

  • Arena for sal av lokale produkt

  • Møtelokale for private lag og organisasjonar i einskilde tilfelle

Lokale

Kafeen blir etablert i lokala til Lønsetbygg AS (tidlegare lokale til Lønset Tremiljø) der Haldor Strand er dagleg leiar. Delar av lokalet er stilt til disposisjon for kaféen med ein del inventar og utstyr som overlevert den 19.  november 2018. Leigetakar står fritt til å ominnreie lokalet som ein ser mest tenleg.

 

Lønset 2018-12-19

Prosjektgruppa Fritt liv på Lønset

Kronerulling for kafé på Lønset 

kopp.jpeg

Å drive kafe på et mindre sted, kan være en utfordring økonomisk. Vi starter derfor opp en kronerulling som kan bidra i driften, hvor du kjøper din egen kopp med fornavnet ditt på, som du har stående for bruk når du besøker kafeen. Kan det være en fin julegave også? Koppen bestiller du ved å sende e-post til frittliv@lonset.no eller ringe 92270515. 

Koppen koster kr 300, og kontonummer opplyses ved bestilling på epost.