Informasjonsmøte om Lonset.no

INFORMASJONSMØTE OM INTERNETTSIDA LØNSET.NO

Peisestova i Lønset samfunnshus

Tysdag 1. des. kl 1930

PÅMELDING til ivar.horvli@oppdal.com; det er ledige plassar innan korona-smittevernreglane enno. VEL MØTT.

Infomøte om internettsida ”Lønset.no” og om den nye videofilmen om ledige / aktuelle hustomter på Lønset. Alle lag og organisasjonar på Lønset er velkomne til å stille med to representantar kvar for å bli orientert og å kome med innspill til forbedringer og vidare utvikling av sida. Ole Grendal i "Fritt liv på Lønset" vil guide oss gjennom internettsida og presenterer videofilmen "Bo på Lønset" som nettopp er produsert med støtte frå Lønsetfondet.

På grunn av koronarestriksjonar er det begrensa plass, og vi bed om at dei organisasjonane som ønsker å delta melder inn namn, tlfnr og organisasjon på førehand. Vi må sette ei grense på ca 20 personar. Påmelding til ivar.horvli@oppdal.no innan 26. nov.

Dei som ikkje har høve til å delta, kan likevel gje innspill til oppdatering og forslag til forbedring ved å sende ein e-post til drift@lonset.no. Interessegruppa Fritt liv på Lønset vil samle desse innspilla og oppdatere sida fortløpande og arbeide for vidare utvikling av sida.

VEL MØTT TIL ORIENTERING OG INNSPILL!! DETTE ER EIT DUGNADSPROSJEKT!

https://www.lonset.no/

Screenshot 2021-01-17 at 15.06.53.png